|
Eg vart født 11.april 2008 med hastekeisersnitt på Ålesund sjukehus. Eg var 6 uker prematur, vog 3360 gram og var 53,5 cm lang. Det var ei tilfeldigheit at eg vart født akkurat den dagen.
Mamma var på kontroll og fekk et belte på magen som skulle måle fosterlyden min. Etter at dei hadde målt ei stund mista dei fosterlyden heilt. Då vart det hektisk på avdelinga, og 20 minutter etter var eg ute. Eg var heilt livlaus. Mamma merka med ein gong at eg ikkje skreik, så ho vart veldig fortvila og redd.
Dei brukte lang tid på meg før dei fikk liv i meg. Heldigvis ordna det seg etterkvart og eg vart trilla i kuvøse opp på Neonatal avdelinga. Der blei både eg, mamma og pappa veldig godt mottatt. Dei som jobba der var veldig snille og veldig flinke. Dei visste ikkje kva godt dei skulle gjere for meg.
Etter ei stund på avdelinga fekk mamma og pappa vite at eg hadde Apert syndrom. Dei hadde sjekka dette på internett same dagen som eg vart fødd, så dei visste det allereie, men det var godt å få stadfesta det sikkert.
|